Historien

HISTORIEN

Eg starta med musikk i 12-13 års alderen. Eg har alltid vore spesiellt opptatt av å lage og spele inn musikk som ein kan høyre om og om igjen, og som er bevart for framtida.


Dei første opptaka eg gjorde vart gjort med ganske enkelt utstyr, men dog gjennom PC. Eg har aldri nytta opptaksutstyr som ikkje er pc basert.


Eg kjøpte etter kvart meir profft utstyr som kunne nyttast til større og proffare produksjonar. Fra 2005 - 2011 hadde eg alt dette på soverommet, som då også vart nytta som studio.


Då eg og sambuaren min kjøpte hus på Helgheim i Jølster i 2010 starta arbeidet med å innreie kjellarleiligheta der til studio. Dette var ferdig rundt 1.jan.2011.

I dette studioet vart det gjort fleire større prosjekt; Gunslingers - Made in norway (Tromme og bass + diverse), The Great Escape - Roses & Thorns og Fri Flyt i kulissar av natt. I tillegg til ein god del pålegg av steel og kor til andre prosjekter.


I 2013 kom beskjeden om at huset skulle rivast til fordel for ny E39 fra Bjørset til Skei, og etter eit år med venting kunne vi gå i gang med bygging av nytt hus, og då også nytt studio.


Det nye studiolokalet stod klart til bruk i okt.2015.


No venter mange spennande prosjekter i tida framover.


Dan Mikal Ripe Frøystad, 18.Jan.2016

Minner fra studioet på Helgheim 2011 - 2015:

Tekniker, produsent og musiker

Dan Mikal Ripe Frøystad